Me markerer Dykkingens Dag
- Detaljer
- Opprettet torsdag 24. mai 2012 05:46
- Skrevet av Styret
Den 26. mai er Dykkingens Dag! Dette markerer me ved å leggja helgas klubbtur til Sponavikjo utanfor Leirvik. Me er på plass kl. 12.
Det blir vekt på det sosiale, så ta med familien, ein minigrill og grillmat.
Dersom det ikkje er satt opp badebøyer utanfor stranda, tek me med RIB'en slik at me får anledning til å gå litt ut av sjølve Sponavikjo for å dykka.
Klubben stiller uansett med erfarne, aktive dykkarar med dykkeleiar kurs. Me har mange medlemmer som ikkje har vore i sjøen så mykje etter dei tok kurs, og dette vert ein gyllen anledning til å få gjennomført litt enkel dykking under kyndig veiledning.
Me minner om at kompressoranlegget er stengd for vedlikehald. Luftfylling må defor skje på Stord Brannstasjon.