Medlemsmøte mandag 21. mai
- Detaljer
- Publisert mandag 14. mai 2012 19:46
- Skrevet av Styret
Årets første medlemsmøte er satt til måndag 21. mai, og vert halde i ESS sitt klubbhus på Eldøyane.
Me håper medlemmene har interesse av å møta opp, og gi innspel på drifta av klubben.
Det vert servert kaffi, brus, og noko å bita i.
Nybegynnarkurs, hausten 2012
- Detaljer
- Publisert fredag 04. mai 2012 08:07
- Skrevet av Styret
Stord Undervannsklubb ynskjer å gjennomføra eit grunnkurs i apparatdykking til hausten, foreløpig er det planlagd oppstart i september.
Kurset gir sertifisering CMAS*. Les meir om våre kurstilbod her.
Før kursstart vil me halda eit informasjonsmøte for dei som melder sin interesse for kurset. Detaljar om dette, samt mulighet for endeleg påmelding, vil bli sendt ut til alle som melder sin interesse.
Du kan melde di interesse for kurset ved å fylle ut skjema her.
Den store kompressoren er i drift igjen
- Detaljer
- Publisert tirsdag 17. april 2012 13:05
- Skrevet av Torstein Litlabø
Då er endeleg den store kompressoren i gang igjen.
Filter vart bytta torsdag i forrige veke, og luftanalyse vart tatt på søndag. Denne var bra, og er loggført i kompressorhuset for dei som vil ha detaljane.
Kompressorstatus
- Detaljer
- Publisert tirsdag 10. april 2012 13:04
- Skrevet av Torstein Litlabø
Det har desverre ikkje gått heilt etter planen med å få den store kompressoren i stand igjen. Ved byte av filter viste det seg at filterhuset ikkje drenerer skikkelig, og dette problemet måtte me og ta oss av. Dermed har prosessen dradd litt ut i tid.
I går fekk me orden på dreneringa igjen, og filter er levert for refill. Me har litt begrensa materiale til filteret, men nytt er i bestilling. Etter alt å døme skal nytt filter være på plass til helga, litt avhengig av postgang på filtermaterialet.
Når nytt filter er på plass, vil det bli tatt ny luftanalyse.
I mellomtida får De belaga Dykk på å fylla med den vesle kompressoren. Under dugnadsøkta i går, vart det også byta filter på denne. Husk at det tar noko lengre tid men den vesle, og at den ikkje er kobla til flaskebanken, så ta hensyn til det ved oppmøte på klubbturar o.l.
Viktig info om kompressorbruk
- Detaljer
- Publisert tirsdag 20. mars 2012 13:03
- Skrevet av Torstein Litlabø
Den store kompressoren er satt ut av drift inntil vidare. Det vil bli foretatt luftanalyse i løpet av denne veka, og filterbyte sannsynlegvis neste veke.
Det er i dag byta filter på den vesle kompressoren, og denne må nyttast fram til den store er klar igjen.
I samme prosessen håpar me og på å få oppdatert status på vår eigen kompressor.
Reviderte turprisar og sonekart
- Detaljer
- Publisert tirsdag 20. mars 2012 12:54
- Skrevet av Styret
Etter styremøte 14.03.12 vart turprisar og sonekart for RIB'en revidert. Gjeldande prisar finn du nedlastbart nedanfor. Desse kjem og på oppslagstavla i kompressorrommet.
Me har lite erfaringsgrunnlag for prisane på RIB'en, så desse vil verta vurdert av styret på styremøte frametter. Turleiar skal retta seg etter prisane som er oppslått i kompressorrommet til ei kvar tid.
Årsmøte avholdt 9. februar
- Detaljer
- Publisert mandag 13. februar 2012 20:47
- Skrevet av Atle Barsnes
Årsmøtet var gjennomført i Fylkesnes Bil sine lokale på heiane. Me takkar medlemmane i klubben for godt oppmøte.
Referat frå årsmøtet finn du her.